Gode dagar med brel og kos

Det var ein god ting at Øystein og Unni tok meg med til Mo. Der vanka det godt stell og godbitar, i tillegg til kjempespennande områder å utforske! Eg klarte å snike til meg nokre ting frå kjøkkenbenken som tydeligvis ikkje var tiltenkt meg, og då må eg jo ordne opp på eiga hand! Ingen hadde tenkt å la meg få smake på kaka til Besta, og då er det ikkje så rart at eg erobra kremsprøyta for å få meg ein bitteliten smak!

Desse dagane fekk eg ikkje berre gått tur med Unni, eg fekk fleire gonger med meg Besten eller Øystein. Gjevast var det når eg fekk med meg alle tre, då fekk eg nesten eit svare strev med å halde alle under kontroll. Vi gjekk fleire turar til Huldefossen, over den gamle trebrua, og ein gong gjekk vi forbi ein gard med mange hestar og sauer, og heilt bort til fjellveggen. Sauene og lamma er definitivt mykje meir interessante enn desse hestane, det er noko tiltrekkande med dei fine ulldottane. Fin lyd er det i dei også. På dette bildet har vi tatt ein pause før vi snudde, borte på Øyra. Næraste naboane til Øystein sine besteforeldre har eg forresten verkeleg sansen for! Dei har eg sjarmert trill rundt, så no vil dei ha ein slik hund som eg. Skal seie dei har auge for kvalitet! Her har du folk som har skjønt poenget!!

Mandag var det 17. mai, og då festa Unni på meg ei slufse i halsbandet før vi gjekk morgonturen. Gjett om eg vart fin! Eg burde igrunnen vore med i prosesjonen eller toget i sentrum, men det var ingen i huset som hadde lyst ned. Alle ville vere heime og “slappe av”. Men vi gjekk nokre fine turar, både til Movika og inne på Mo. Eg koste meg i sofaen mens menneska mine åt middag, dei hadde ei diger gryte med rømmegraut som dei koste seg lenge med. Ut på ettermiddagen pakka Unni bilen, eg ante uråd allerede om formiddagen, for då bretta ho sammen buret mitt. Endå eg hadde store områder igjen å utforske, så vart eg lempa inn i bilen. Dei tek ikkje alltid så mykje hensikt til mine behov! Så no er eg tilbake i leiligheten i Bergen, og held fram med å vente på at Britt skal komme heim igjen. Kor lang tid kan det eigentleg ta å hente ny båt til meg??!

| Kommenter innlegget

Helgatur til Mo

Plutselig ein dag pakka Øystein og Unni sammen kvar sin bag, buret Pause ved Sognefjordenmitt og sakene mine, og stua alt ut i bilen. Ingen tvil om at vi skulle på tur, nei! Turen varte og rakk, heldigvis vart det ein pause kor eg kunne få snuse rundt og sprette ned til sjøen etter fergeturen. Øystein og eg har ein del felles interesser!

Framme hos Øystein sine besteforeldre fekk eg ein verdig velkomst, og måtte ha meg ein kjapp runde i huset for å ta ein nærare kontroll. Du verden så mange planter og blomster det var der! Det var nesten skummelt å logre enkelte plasser! Men det beste av alt var at kjøkkenet var opent, det var ingen dør som kunne stenge meg ute frå det som skjedde der. Dei to menneska som bur der, skjønte med ein gong at eg var ein flott hund og skrytte mykje av meg. Det vart fort klart at gubben var den som var mest på kjøkkenet, og han var også den som var svakast for smiger. Han kan ikkje motstå bedande hundeauger særlig lenge, nei! Men Unni var ganske frekk, og ville ikkje la han gje meg av godsakene som dei hadde om kvelden. Makan!

Der er mange spennande plassar å gå på tur, og du verden så mykje interessant å snuse rundt på! Både skog, vatn, vegar, dyr og mystiske lukter. I vatnet var det mange pinnar som eg kunne slepe på land, og eg trur eg fekk tak i dei fleste. Vi gjekk heilt bort til ein høg foss med masse vatn, som bråkte ganske sterkt. Der var det også spennande fuglar som duppa rundt i elva, og som eg gjerne ville prøve å få tak i. Men det som er kjekkast får eg altså ikkje lov til. Hmpf!! Hestane fekk eg nesten snuse på, dei var også ganske interessante – så lenge dei er bak gjerdet. Der kan dei berre bli.

Huset vi budde i har ein ganske stor hage kor det aular av fuglar og plantar. Der kunne eg berre ha sprunge laus, men så mykje tiltru har dei visst ikkje til meg. Etter ei natts søvn tok besteforeldra og Unni seg ei arbeidsøkt med å fjerne rusk og ugras i hagen, og då vart eg tjora fast ovanfor huset. Det var kjeeeeedelig! Eg hadde heilt sikkert gjort bedre nytte om eg fekk vere med! Det fekk eg gjort seinare, då tok Unni og mor hennar trillebår og spade, og eg fekk vere med å kjøre grus ned i vegen som har mange hol i seg. Unni var løgen der, rett og slett. Ho ausa grus opp i hola, eitt for eitt. Det var spennande! Eg grov kjapt ned gjennom grusen i eine holet for å finne ut kva ho hadde gravd ned. Men der var jo…..ingenting! Kva er poenget med å spa masse grus ned i hol dersom ingenting skal gøymast??! Menneska er rare dyr!!

| Kommenter innlegget

Vennetreff!

Det er godt det er langhelg no. Det var ikkje så lett å stå tidleg opp i morges, det har blitt litt seine kveldar i det siste. Trudde aldri desse tobeinte skulle komme seg i seng i helga, og sanneleg vart det litt seint i går også. Eg kan jo ikkje legge meg før folka mine er på veg i seng! Det vart ikkje morgontur til bussen i dag, i steden kjørte vi ut til Stend og tok farvel med Øystein der. Sidan har vi ikkje sett han, og han kjem ikkje heim igjen før i morgon. Men vi får klare oss så best vi kan! Mon tru om han klarer seg like godt utan oss? Det er han som bruker å lukke opp buret mitt om morgonen.

Formiddagsturen vart ein positiv overraskelse! Ikkje berre kjørte vi til ein spennande plass, der stod til og med mi fantastisk gode venninne – Tilia – og venta på meg!!! Ho visste at eg skulle komme, og var kjempeglad for å sjå meg igjen! Altfor lenge sidan sist! Nina var sjølvsagt med, og dermed tilbragte vi to timar i lag. Først skulle desse menneska klikkertrene, og det var tydelig at Unni vart imponert over kor flinke Nina og Tilia var. Men det var så mange spennande lydar der, eg klarte ikkje heilt å konsentrere meg… Innimellom fekk eg masse skryt og leverbitar, men så kom det nye og rare lydar som eg ikkje kunne plassere. Derimot var eg kjempeflink til å klikkertrene heime i stova etterpå, og fekk endå meir lever! Endå godt denne ferieavløysaren min har vett til å lage til skikkelege godbitar. Då blir eg også skikkeleg flink, må vite!!

Vi fekk oss ein flott luftetur innover i Isdalen også, Tilia og eg fekk trave side om side og utveksle nytt oss i mellom, mens Nina og Unni prata. Vi snudde ved oppstigninga til Fløyen, då låg snøbygene i kø i mot oss, så vi fann det best å returnere. Skal aldri denne vinteren klare å slippe taket heilt? Eg vart nesten heilt kvit i pelsen – det snødde t.o.m. då eg kom tilbake til Låndås – berre sjå sjøl! Det var nesten litt godt å bli frottert med handkle opp i leiligheta, så slapp eg å ligge med våt pels. Og sanneleg var det godt å innta senga ut på dagen. Etter eit par timar fekk eg selskap av Unni som trengte ein kvil, så der låg vi og koste oss og sov begge to.

I ettermiddag drog vi ut på Sotra igjen, på besøk til Anne Kari. Unni hadde visst lånt nokre greier som skulle leverast tilbake, og då vart vi der ei stund. Sanneleg var pusen inne også, har ikkje sett han sidan eg møtte han utanfor døra søndags morgon, då fôr han som eit prosjektil nedover marka, og vekk var han. Han låg visst og sov i etasjen over, og dukka først opp etter ein times tid då han ville ut. Fekk ikkje snuse bortpå han i dag heller, men eg fekk då vist kor vennleg eg er, og han verka igrunnen som eit akspetabelt katteskinn. Men han når ikkje opp til min pus!! Blir ikkje nett det samme. Eg fann no plassen min igjen i sofaen, som eg var så snill og dele med Unni. På returen tok vi ein runde på Storetveitmarka, og no er det så seint at eg må gå og legge meg. Gjesper jo i eitt kjør! I morgon er ein ny dag, og det skjer sikkert noko spennande då også!! Nattinatt.

| 2 kommentarar

Helg og kos

Eg er glad ferievertane mine omgås folk som har sans for ein fin hund, og som har skjønt korleis ein skal legge opp fridagar! Fredag dukka brått Inger-Lise opp, ho har eg helsa på før heime i Odda. Ho kom på døra fredag ettermiddag, for å besøke meg! Og sikkert også for å helse på Øystein og Unni. Det vart både underhaldning og kos då, kan skjønne! Vi pakka sammen både bur, mat og bagar, og reiste ut på Lie til Anne Kari på lørdagen. Denne gongen vart det ikkje tur på Liatårnet med Kaspar, det var faktisk ingen gutar der. Men pusen var der! Og den vil framleis ikkje leike med meg….. Kan du begripe det der!

Det vart iallfall både turar og kos i helga, og sanneleg har Anne Kari gode sofaer! Eg har prøvd alle tre for sikkerhets skyld, så det kan eg uttale meg om. Det kjekkaste er vel å dele ein sofa med ein kvan, og eg har prøvd å fordele meg mellom alle så godt eg kan. Her deler eg plass med Inger-Lise, og deltek i det sosiale liv. Desse jentene er no litt rare – dei sit med utklipte avissider og stiller spørsmål stadig vekk. Kva er poenget – når svaret likevel står opplyst? Nei, klø heller litt ekstra på meg….

Helger tek alltid slutt altfor fort. Så var det til å pakke bur, matskåler og bager igjen, og komme seg til byen. Det var ikkje så lurt, for i morges då vi stod opp låg det snø på markene, så eg fekk kvite snøsokker på alle fire labbane på morgonrunden til bussen. Sofaen til Anne Kari er heilt klart å foretrekke! Riktignok var snøen vekke igjen då vi kom tilbake frå runden, men eg var så våt på bein og mage, at Unni frotterte meg før eg fekk komme inn i sofakroken for ein velfortjent kvil. Eg fekk no tatt litt igjen for den handkletørken – ho merka ikkje at eg fekk tak i den siste biten av frokostskjeva før ho seinare fann ein sylteagurk på golvteppet mitt. Tjihi!! Det er grenser for kva ein skal øydelegge den gode leverposteismaken med! Sylteagurk!!?! Folk er rare…..

| Kommenter innlegget

Finner’n er vinner’n!

Vi er ganske god på morgonrunden vår, det er godt å starte dagen med å strekke potane på doggfriskt gras, og så er det så mange fuglar nede på Storetveit. Unni strenger seg litt av og til, og seier ofte til meg at eg må innsjå at eg ikkje er fuglehund. Men ho må jo skjønne at det er gøy å jage vekk måsen, og vipene er jo så løgne der dei fer! Og tenk å finne ender midt ute på ei graseng – skulle ikkje dei ligge og duppe nede i Tveitavatnet? Det er ikkje eg som er løgen, nei!

I går vart det ein dag med litt farting hit og dit. Og nye, spennande mennesker fekk eg møte! Slett ikkje verst for ein sosialt anlagt portis. Vi drog opp til Stend for å hente Øystein, han ringte og sa han hadde fått 5 kg jordbær, og kunne ikkje ta det med på bussen. Så då er vi utrykningsmannskap og bistår i nøden. Der var også kjæresten hans, og sanneleg endte det med at vi kjørte begge to heim til henne, og sendte halvparten av jordbæra med inn til ho. Så hadde Unni og eg oss ei god runde på uutforska løype i Langeskogen/Løvstakken. Før vi henta Øystein reiste vi opp til Else på Bønes. Etter litt soving i bilen etter turen vår, kom dei og henta meg så vi fekk oss ei runde der også. På runden henta vi Øystein hos Anelinn, og der fekk eg helse på hunden deira. Eg måtte jo sjekke opp at dei har eit skikkeleg eksemplar av arten hos kjæresten til Øystein! Skulle berre mangle.

Om kvelden var det visst svolt i heimen, for det var ikkje berre eg som fekk mat. Unni mekka ein osteomelett som desse to folka mine åt, og Øystein var visst endå ikkje mett for han måtte lage seg ei skive med leverpostei. Åååhhh!!!!!!! Den lukta så godt…… Men han åt opp heile skjeva, det vart ikkje smulen igjen. Då var det stor trøyst å oppdage at kjøkkendøra var opa, og sanneleg hadde han satt frå seg leverposteiboksen på kjøkkenbenken, med lokket av! Uimotståelig!! Klart den var meint til meg – det var derfor eg ikkje fekk smake av skjeva hans, for han hadde lagt igjen resten av baconposteien til meg!! Det var berre å forsyne seg, og eg koste meg godt inne på teppet mitt i stova kor eg reinsleikja boksen. Ikkje sant Mills burde bruke meg som reklamehund? Eg må berre berømme den leverposteien, den har t.o.m. baconbitar på toppen!!! Eg er ein hund etter Mills baconpostei….. ;-)

| 2 kommentarar

Mysterium

Kvar morgon går eg tur med Unni og Øystein for å lufte dei litt og få ein god start på dagen. Vi har ei fast rute vi følgjer, med hopp og sprett og friskt morgondugg! Av og til tutlar vi og let nasen følgje spor, andre gonger må vi skynde oss meir avstad. Og alltid skjer det samme rare på samme sted. Når vi har komt over trebrua på veg mot markene med mykje god plen og spennande lukter, ja då forsvinn Øystein. Kva er det no han roter med der? Her er vi godt i gang med dagens første tur, i friskt vårveir med sol som varmar i le – og så klarer han å fordufte slik?! Det heng ikkje på greip! Unni påstår eg må følgje betre med, og sjå at han går på bussen, men det er ikkje så enkelt heller. Det er mange å følgje med på, faktisk så er det her eg ser flest folk springe og sprette litt. Ellers er det neimen ikkje mykje sprett i dei! Men desse bussane får visst folk til å få tempoet opp, kanskje det er noko gøy der inne… Spørst om eg ikkje må bli med Øystein på bussen istadenfor å gå rundt Storetveitmarka med Unni – ho kan vel klare det sjølv snart!

I ettermiddag skal eg visst på bytur med Unni og treffe Jorid som er på seminar i Bergen desse dagane. Då er det vel håp om årets første softis? Eg er iallfall optimist!! Kven kan motstå dette blikket som aleine kan få softisen til å smelte…….. ;-)

| Éin kommentar

På Arboretet på Milde

I dag fekk eg følge Øystein på skulen etter å ha lagt i bilen og venta ei stund. Men det vart ikkje tur på Stend av den grunn. Neida, eg måtte pent vinke farvel til han, og så kjørte Unni og eg avsted på tokt. Det var ikkje det dummaste vi kunne ha gjort, for sanneleg var det mykje spennande å snuse på der vi drog. Riktignok traff vi berre på ein hund, ein elskverdig liten herremann, men sanneleg hadde det vore mange andre ute og gått langs vegane innover skogen.

Vi tok av frå grusvegen og fulgte ein smal sti oppover eit interessant parti, og havna i ein skog av rododendron – bokstavleg talt! Det var ikkje så mange i blomst enno, men du verden for eit mangfald innan arten. I alle storleikar og variantar. Der fekk eg hoppe og sprette, og sanneleg klarte eg å finne ein brukbar pinne å tøyse med, så eg fekk Unni til å le godt og lenge! Då måtte eg tøyse endå meir, så vi hadde det ganske gøy! Men neste pinnen eg prøvde meg på, var visst på rot, så då gav eg meg. Vi måtte jo utforske vidare! Til slutt meinte Unni vi måtte finne tilbake til bilen, for å komme oss heim og lage middag til Øystein. Han skulle jo på karatetrening.

Neste tur blir i bynære strok, for vi skal ned til Haukelandshallen og hente Øystein etter trening, og då kan vi reise ned litt før han er ferdig og ta ei runde rundt Brann stadion mens vi ventar.  Unni maser om at vi faktisk må gå no, vi skal visst på biblioteket også aller først. Mon tru kva eg skal finne på der….??

| 3 kommentarar